Vi har Jerseykyr og oksane vert slakta når dei er opp mot 8 månadar. Dei vert slakta på Nortura sitt anlegg i Førde som ligg ca 6 mil frå garden vår.
Vi tek alle slakt attende til oss for nedskjering og foredling.
Mange kokkar meinar Jerseykjøtet er det aller beste når det gjeld matlaging. Jerseyrasen har møyrare kjøt med finare muskelfibrar og meir intramuskulært feitt enn andre kjøtrasar.
Vi kan tilby ferskt kalvekjøt som er oppdelt og vakumert. Vi sel kjøtet i øskjer som inneheld eit sjettedels eller eit kvart dyr. Dette må tingast på førehand og so tek vi kontakt når ordren er klar for utlevering.
Den minste øskja med ein sjettedel kalv veg omlag 10 – 15 kg. kr. 200,- pr. kg.
Ho kan innehalde: steikjer, grytekjøt, sosekjøt og kverna kalvekjøt utan salt eller vatn.
Den største øskja med ein kvart kalv veg omlag 18 – 23 kg. kr. 200,- pr. kg.
Ho kan innehalde filetar, steikjer, grytekjøt, sosekjøt, kalveskank og kverna kalvekjøt utan salt og vatn.